søndag 25. april 2010

Panama, Costa Rica og Nicaragua




Etter ei veke i Rio gjekk turen vidare til Panama, nærare bestemt Panama City.

Me gjorde eit raskt overslag over kva som var essensielt å få med seg i Panama; turen gjekk til kanalen. Det var interessant å sjå dei store båtane og læra litt av kanalhistoria, men det heile fekk litt been-there-done-that preg. Me var vel egentlig litt lei storbyen, både Rio og Panama City, og var veldig lystne på å komme oss ut til kysten.


Etter å ha sjekka ut mulighetane for offentleg transport viste det seg at det var lettast å peise på heile vegen til Costa Rica og San Jose. Rutinerte busskjørarar som me har blitt gjekk me inn med ungdommelig pågangsmot og tok på nok ein femtentimar. Hostelet i San Jose var eit av dei bedre me har vert på. Flust med likesinna backpackers og masse gode råd å få.

Etter å ha brukt ein dag i San Jose bestemte me oss for å reise vidare til Jaco (Hako). Det var den næraste strandbyen til SJ.


I Jaco blei me værande ei vekes tid. stranda var fin og hostellet billig. Påsken var også i denne tidsperioden så me fekk egentlig beskjed om at herberga var fulle overalt, og me var ikkje veldig lystne på å sove i stallen. Me vart derimot veldig godt kjende med nokre nordamerikanarar. Adam, frå LA og Romeo frå Canada.


Me brukte dagane på surfing, soling og avslapping. kveldane gjekk forbi på takterrasen til hostellet.



Etter ei lita veke i Jaco tok me ein times båttur over til Montezuma og Santa Teresa. Santa Teresa var ein plass "alle" sa at me burde reise til, og Montezuma hadde nokre flotte fossefall som var vel verdt ei vitjing. Det var nesten som ein sumarsdag heime på Storden då me banka over fjorden i ein åpen skjærgårdsjeep i 30 knop og rom sjø.

Santa Teresa var virkelig flott, me fann eit laidback og billig hostel tre min. frå stranda med masse hengekøyer og ein fantastisk grillrestaurant (argentinsk bbq, et så mykje du vil). Stranda var heilt fantastisk og surfinga herlig.


Nokre dagar seinare bestemte me oss for å ta bussen vidare til Nicaragua. og etter nok ein tolvtimar var me framme i Granada. Det var rart å krysse grensa til Nicaragua, for det var bos og drit overalt rett over grenseovergangen. Og litt kult at det fyrste me skimtar i det fjerne er ein stor vulkan. I Granada sov me bare ei natt før me reiste vidare til Leon for å vitje Anna Myhre. Det var veldig kjekt å sjå eit kjent ansikt igjen.

Jone og Adam nytta også Leon opphaldet til å klatre opp på ein vulkan for å ake ned igjen. morsom tur med god utsikt.


Same kveld reiste me ut på ei øy saman med Anna og Marita for å bu på eit hostel som bokstavelig talt låg på stranda. Me betalte 8 dollar natta og hadde bølgene og sjøen rett utafor døra.


Etter to avslappande dagar på Surfing Turtle Lodge reiste me tilbake til Leon for å førebu turen tilbake til Costa Rica. Me skulle fly ut den 15. så me ville ha ein dag i San Jose før me skulle reise til USA.

Dei tre vekene i Mellom-Amerika gjekk veldig fort og no var me klare til å ta på siste etappen på walkabouten vår!

lørdag 27. mars 2010

Rio de Janeiro

Utsikta fraa Sukkertoppen

Daa turen var avslutta tok me inn paa eit hostel saman med danskane og Matthew, Waliseren. back 2 basics for oss. etter aa ha vaert ganske bortskjemde i losjivegen var det tilbake til dorms med dobbelseng og eget kjoekken. plassen me budde paa dei fyrste to nettene var i Lapa, som er samba eller festomraadet i Rio.

Fyrste dagen me hadde i byen var me paa ein favelatur. Favela betyr slum. og det er ganske harde kaar for dei som bur slik i Rio. Me var paa besoek i den stoerste favelaen i byen, Rocina. der bur ca. 200 000 mennesker. omvisninga gjekk foere seg med at me fyrst vart koeyrd til toppen med motorsyklar, som var ein opplevelse i seg sjoelv. saa gjekk me gjennom favelaen ned til botnen igjen. Vaar guide, som var eigaren av selskapet som dreiv omvisningane var veldig flink. Regel nr 1; naar me stoppar, staa i sida av gata. grunn: om folk kjem springande fraa politiet noelar dei ikkje med aa skyte dei som staar i vegen for dei. me fekk og vete at 7 personar hadde blitt skutt og drept av politiet veka foer i den samme favelaen me var i.

Rocina - den stoerste favelaen i Rio.

Kriminalitet er eit stort problem i Rio de Janeiro, spes i dei fattige omraada, og der politiet ikkje er saa synlege. Ein kar som budde paa hostelet vaart hadde blitt rana med kniv to gonger samme dagen, ikkje langt unna hostelet. Den eine kvelden kom Isak og to av danskane seg saa vidt unna ein situasjon der to personar fulgte etter dei, og forsokte aa blokkere vegen. Heldigvis oppdaga Isak og Emil kva som holdt paa aa skje, og foer dei var naer nok la dei paa sprang.

Det finst to sider av alle saker. Rio er ein av verdas vakraste byar. paa veka me hadde der fekk me saavidt skrapa overflata, men likevel sett ganske mykje fantastisk.

Rio by night - Copacabana til venstre, ein kan skimte Kristus opplyst i bakgrunnen!

Den fyrste kvelden i Rio var det gatefest i Lapa. det har dei visstnok kvar einaste fredag. Daa var det ein stor folkefest med dansing og synging i gatene. folkelivet, smila og stemninga var overveldande og ein flott opplevelse.

Strendene i Rio, dei verdskjende Copacabana og Ipanema fekk sine obligatoriske besoek, det same gjorde Sukkertoppen og Christ the Redeemer (Jesusstatuen). Been there done that. Baade Sukkertoppen og Kristus gav ei heilt fantastisk utsikt over den massive byen. Spesielt Sukkertoppen, daa me var heldige med vaeret og fekk med oss solnedgangen!


verdas fyrste i vist positur. legendarisk timing daa Jesus vert stillasvaska ein gong kvart 10. aar!


Me vitja og Selaron's Staircase. Den verdskjente trappa som det har teke kunstnaren Selaron over 18 aar aa flislegge. trappa bestaar av 215 trinn med fliser fraa over 50 land. Trappa har blitt brukt i ymse musikkvideoar bl.a. U2, og i filmen The Incredible Hulk. Absolutt verdt ein tur om ein er i Rio!

Selaron's Staircase

Daa danskane og Matt reiste, flytta me til eit nytt hostel i Santa Teresa, som var ein del roligare og ein del tryggare. Daa kjende me begge to at me hadde forflytta oss nesten dagleg den siste maanaden saa me var klare for aa ta det litt piano. Me sov lenge, noeyt sola paa Copacabana og lagde eigen god (og billig) mat!

Litt ute av trening, men resultatet vart utsoekt!

Rio er ein fantastisk by som alle kan nyte, saa lenge ein tar visse forhaandsreglar for losji og nattevandring. Alt i alt hadde me ei fin tid i byen!

Paa leit etter Iguassu.


Fraa den 3. mars til og med 19.mars var me paa tur ilag med GAP Adventures fraa Buenos Aires til Rio. her kjem eit lite referat :)


dag 1 og 2.
Me nyt rolige dagar i den Argentinske hovudstaden, hotellet er fint og dusjvatnet varmt. Fyrste kvelden vert me introdusert for resten av gruppa, som visar seg aa vaere ein artig gjeng. Isak er litt smaasjuk og held seg heime. Jone gaar paa beromt restaurant med dei andre (et saa mykje du vil. daarlig val)

dag 3.
Reisar me baat til Colonia, ein nydeleg liten by i Uruguay, i god gammaldags kolonistil med brustein og gamle bygningar overalt. Byen vert rekognosert ved hjelp av golfbil og scooter. god dag. det byrjar allereie no aa danne seg alliansar innad i GAPgruppa, forelobig har me fatt god kontakt med 3 danskar (ja, me er svake for danskar), ein walisar, ei aussie, ei brite og ei amerikarinne. fin gjeng. den motstaande alliansen bestaar av ei tysk kruttoenne, ein slibrig italienar og ein tidligare lanslagssprintar fra Sveits med seriemorderblikk. noytrale i gruppa var eit norsk kjeristepar. Jo og Sylvia. kjekke folk :)


Golfbilkjoeyring i Colonia.

dag 4 og 5.
Montevideo staar for tur. den fyrste av mange bussturar vert unnagjort paa 3 timar. Jone proevar seg paa citytour, meir er det ikkje aa sei om det. har du sett ein statue har du sett dei alle. utgong om kvelden, kule barar med god live musikk. neste dag vert brukt til aa slappa godt av.


Anar ikkje kven mannen til hest er, mannen i front er fraa Stord.

dag 6.
ny busstur, 6 timar. til Salto. salto er egentlig ikkje stort meir enn ein naturleg stoppestad paa veg fraa Montevideo til Iguassu. Attraksjonar aa sjaa; Varme kilder. me tok bussen og bada i dei varme kildene. varm var eit understatement. Jone er rimelig sikker paa at ein kunne koke egg i dei varmaste bassenga. fin dag.

dag 7.
reisedag. me kryssar grensa til Argentina foer me tek nattbussen(12timar) fraa Concordia til Puerto Iguassu. lang tur med lite soevn.


Nokon er meir opplagde enn andre etter 12 timar paa buss.

dag 8 og 9.
Me har funne Iguassu. Fossefalla er heilt utrulege. Fyrste dagen vitjar me dei fraa den Argentinske sida, daa tek me baatar nesten heilt inn i fossen. Me gjekk og dei merka loeypene og fekk teke opptil fleire glansbilete. om kvelden er det arrangert fest for reiseselskapet. Renata, vaar guide. kjenner ein fyr som har baade basseng og grill. meget morsom kveld.

dette var faktisk ein av dei mindre fossane!

den andre dagen vitjar me falla fraa den Brasilianske sida. Det er saa vakkert at til og med ein fossevand nordmann kjenner at haara reisar seg litt paa ryggen. nyttar hoeve til aa oppmode absolutt alle til aa reise til Iguassu Falls. Isak er frisk :)

dag 10.
lang, lang reisedag. med 23 effektike reisetimar var dette ei utfordring baade for kropp og sjel. bussen lukta, seta ville bare saa vidt legge seg bakover og toalettet var ikkje akkurat laga for dei over 1.65.

dag 11 og 12.
Endelig kjem me fram til Paraty. nok eit idyllisk paradis langs den brasilianske kysten. fyrste kvelden gjekk med til bursdagsfeiring av ein medpassasjer. Isak var og dansa med danskar, Jone sov soett.

dag to var ein hoeydare. Turledaren overtalte oss til aa reise paa baattur, og for ein flott dag det vart. Me hadde eigen baat med mannskap paa 5. matservering, snorkelutstyr. solsenger og stuping. baaten tok oss rundt om kring til dei skjulte strandperlene kringom Paraty. Sol vart slikka og kroppar vart brent. mageplask utfoert og postkorta sendt. om kvelden fann me ein gitar og ein kortstokk og Isak koste seg ut i dei smaa timar, Jone gjekk og la seg tidlig igjen.

Gammal turnar visar gamle triks

dag 13-15

Ihla Grande (den store Oeya) stod for tur. me koyrde bil i to timar foer me tok baat i like mange. Oeya var baade stor og vakker, med eit lite sentrum og mykje regnskog. dag ein gjekk med til aa finne ei lita strand og ta livet litt med ro. om kvelden gjekk me paa restaurant heile gjengen.
dag to gjekk Jone, danskane og waliseren paa fottur til den beroemte stranda Lopez Mendez.

Lopez Mendez vert rekna som ein av dei finaste strendene i Brasil

der var det store boelger, krittkvit sand og jungelen rett ovenfor. sola glimra med sitt fraavear, men det var absolutt verdt den 3 timer lange turen. me tok baat tilbake. Rikke Emilie, kjaeresten til Jone hadde bursdag denne dagen, saa Jone sprengde budsjettet sitt paa satelittinternett for aa gratulere ho, verdt kvar Reas :) Kvelden gjekk med til latter, vin og sang med nytt grillparty. siste dagen paa Ihla Grande regna det, og daa REGNA det. me, hardbarka vestlendingar, trudde me hadde vert ute ein regnvaersdag foer. det hadde me ikkje. det vart ein rolig dag med innekos.

dag 16 og 17.
Me ankommer Rio de Janeiro.

folg med i neste episode!

søndag 7. mars 2010

Cape Town


Tida me hadde i Cape Town gjekk over all forventning. paa bare ei veke fekk me skumma over dei alle viktigaste tinga ein boer gjere her nede. For aa faa eit litt betre bilete av byen tok me, i beste turiststil, citytourbussen. Ein buss med opent tak og oyretelefonar for guide paa ulike spraak. Det var absolutt verdt pengane daa baade turen og den interaktive guiden var veldig interessant. Det hjalp ogsaa aa faa eit litt breiare bilete av byen.



Me reiste ogsaa ut paa Robben Island, ilag med Harald. Det er oeya der Nelson Mandela satt fengsla i 18 aar. paa bilete nede til hoegre kan dykk sjaa cella hans. Til venstre er ein av fange fraa oeya, som no jobber der som guide.























Dagen etter hadde me roadtrip saman med Harald ut til Cape Point, det viste seg at det ikkje var det aller soerligaste punktet i Afrika, men for oss nordmenn var det ganske saa longt soer likevel.















Me blei godt kjende med to norske jenter som me traff paa hotellet. Saman gjekk me tur opp paa det kjende fjellet table mountain. paa denne turen skal det nevnes at me og hadde med oss ein engelskmann som hadde gapa over litt meir enn han kunne svelge daa han takka ja til aa bli med opp. dette foerte til at turen tok nermare 5 timer i staden for 2 og ein halv, og me var paa fleire tidspunkt alvorleg bekymra for at vaar kjaere brite kom til aa gaa i penalhuset!




















Samen med jentene tok Isak seg ein symjetur med kvithaien, medan Jone hadde Rikketime paa internettcafe.

















Den siste dagen i Cape town feira me bursdagen til Isak saman med jentene paa restaurant der me spiste biff, hadde presang overrekking og bursdagssong. Ein veldig koselig og god avslutning paa opphaldet vaart i Cape town. Me vil absolute sei at The mother city innfridde alle forventningar!

onsdag 24. februar 2010

Zanzibar og Cape Town



Etter tilsamman 11 dagar paa Zanzibar, med mykje sol og varme, har turen no gaatt vidare til Cape Town i Soer-Afrika.

Me har hatt det skikkelig avslappande i Paje, me holdt oss til hotellet med AC heile tida, daa me hadde alvorlege problem med aa faa sove i temperaturar over 30 grader. Tida paa Zanzibar har gaatt veldig fort. Naar me ikkje har vert i sola har me slappa godt av. vert paa litt ulike arrangement paa oya; Mustache-Party, Foodmarket i Stone Town og musikkfestivalfest i Jambiani. Me har ogsaa faat veldig god kontakt med ein dansk kar som var i Paje for aa kitesurfe. Me skulle egentlig ta eit kurs, men grunna manglande vind vart det skrinlagt. Den siste natta paa Zanzibar tilbrakte me i Stone Town. Me nytta dagen til sightseeing bl.a. Slavemarknaden, markeda og andre lokale kjentmerker. etter ei veldig lang og veldig varm natt utan AC gjekk turen soer-over igjen.

tirsdag 23. feb gjekk flydde me fraa Dar-es-Salaam via Johannesburg til Cape Town. Det var daa veldig godt for to solbrente vestlendingar aa komme ut av terminalen til ein skikkelig god regnskur. aarets fyrste regnskyll var nemlig under oppsegling. Etter mykje kroppsspraak og gestikulering klarte me aa fortelje drosjesjaafoeren namnet paa hotellet og litt utpaa ettermiddagen sjekka me inn paa Zebra Crossing Logde. Det er eit veldig kosleg billighotell relativt sentralt i Cape Town. med egen hage og koslig restaurant.

Flaks har me hatt her nede allerede, det viste seg nemlig at stording, (og nabo!) Harald Onarheim bur og jobbar i Cape Town, saa me hadde paa forehand avtalt aa moetast. Igaar tok han oss med til Waterfront, det "finare" stroeket i byen paa ein betre middag, barrierar skulle brytast og baade krokodille og sneglar gjekk ned paa hoegkant! Harald gav oss og ei lita innfoering i byhistorien.

Onsdagen har me vert paa eigne bein, me har rusla rundt i the Mother City. Ein kan vel trygt seia at forskjellen mellom Dar og Cape Town er stoerre enn forventa. Dette er ein veldig vakker by med flott arkitektur, infrastruktur anno 2010 og butikkar som tek kort. Prisane er tilsvarande hoegare i forhold til Tanzania, men framleis lev me godt og billig.

Me ser fram til aa tilbringe den neste veka her nede, og har allerede fleire ting paa ynskjelista ;-)

lørdag 13. februar 2010

Hakuna matata



Etter mykje reising og smaastressing var det med glede og begeistring at me kasta oss i vatnet faa minutter etter at me ankom hotellet vaart paa nordtuppen av zanzibar. Temperaturen i vatnet er varmere enn noko me har vore i naerheten av foer, og strendene er krittkvite. Dette er virkelig paradis! I beste turiststil og i vaar store iver etter aa endelig faa litt farge paa kroppen, var det lite aktuelt med solkrem. me tok feil... resultatet blei som du kan tenka deg, veldig mye problemer med kroppen!

Den foerste dagen i sola gikk mot slutten, Isak hadde spela fotball paa stranda med nokre innfoedte og Jone hadde faatt kontakt med kjeresten heime. Begge foelte at livet var herlig. Lite ana me at Zanzibar sin stoerste skatt enda var oss i vente. Me hadde akkurat sette oss ned paa restauranten like i strandkanten, daa me la merke til at himmelen holdt paa aa "ta fyr". Sola var i ferd med aa "synke" i havet og gjennom smaa skydotter i horisonten reflekterte den dei mest utrulege fargar. Me var begge enige i at det uten samanlikning var den finaste solnedgangen nokon av oss hadde sett, og Hakuna matata ( som er swahili, spraaket dei snakkar i Tanzania, og som faktisk blir brukt i same betydning som paa Lion King) gav ny meining til oss begge.

Etter to dager nord paa zanzibar gjekk turen soer over og til ein del av oeya som heiter Paje. Sjoelv om me hadde det utrulig fint der me var, ville me sjaa meir av oeya og tok sjansen paa at det ikkje var nokre mindre fint paa andre deler av oeya. Me tenkte riktig. Strendene var like kvite i Paje som i Nungwi, men det var ein ganske stor forskjell som me raskt la merke til. Forskjellen mellom flo og fjaere var utrulig mykje stoerre i Paje! Me tek ikkje for mykje i naar me seier at det er ein kilometer i forskjell fra der vasslina ligg under flo og fjaere!

Paa hotellet me laag dei foerste to nettene paa zanzibar var det ikkje air condition. dette foerte til at me hadde problemer med aa sove, daa temperaturen ikkje synk noko saerlig under 28 grader om natta. Dette foerte igjen til at me la lista litt hoegere daa me skulle finne hotell i Paje, og har no tatt inn paa Paje by night. Dette er eit relativt fint hotell med alle fasilitetar to unge backpackarar kan begjaere. Me har ikkje tenkt aa dra herifra med det foerste. Foelg med videre ;)

Universitetsvitjing!














mandagen var ein veldig innholdsrik dag for oss. Leopold hadde invitert oss paa ein omvisning paa universitetet i Arusha, der han sjolv snart avslutter laerarutdanninga si. Han kom aa henta oss i Arusha, saa reiste me opp ved Dala-dala.
Det var ganske spesielt aa reise gjennom bushen, for saa aa komme til eit stort campus, med store flotte bygningar og groenne plenar. Turen gjekk over heile omraadet, og me blei hoegtidleg introdusert for omtrent alle me gjekk forbi. det var faktisk litt rockstar-preg over besoket, daa me bade blei smugfotografert og filma.

Me blei ogsaa introdusert for staben, heilt opp til rektornivaa. Det viste seg nemlig at rektoren og kona hans var eit amerikansk ektepar, han hadde ein doktorgrad og 4 BA, og kona ikkje mykje verre. Me blei tatt godt i mot, og Helen, som kona til rektoen heitte. fortalde oss litt om kva universitetet jobba med for aa betre situasjonen for landsbyane rundt. Water-to-the-people!

kontrastane er tydelege i Afrika. langt inne i gokk ligg det eit univeristet med fiberoptisk breiband, mens nabolandsbyen ikkje har vatn. Universitetet i Arusha, er faktisk 1 av 3 i heile Tanzania som har dette. Det er rart kor mykje ein faar til om ein har ein kvit rektor med paagangsvilje.

Daa omvisningen var ferdig inviterte Leopold oss heim til seg, han budde i ein landsby ti minutt fra universitetet. Der moette me familien hans, fekk sjaa korleis han budde saa fekk me smake ekte afrikansk mat. kokt over eld! me har heile tida vert veldig paapasselege med kva me har spist her nede, i frykt for reisemage. men daa hadde me ikkje lyst aa framstaa som bortskjemte, saa me la prinsippa til side og gafla i oss ukjende groennsaker, drakk ukjende drikkevarer og koste oss skikkeleg. til vaare store begeistring vart me ikkje daarlege i det heile tatt.

om det var Leopold si tvil til oss, eller om han var redd for oss, veit me ikkje. men han ville i alle fall ikkje at me skulle reise tilbake til Arusha aleine. saa han fulgde oss bokstaveleg talt til doera paa hotellet foer han snudde paa helen og brukte ein god time heim igjen.

Neste dag skulle me egentleg paa vandresafari i Arusha National Park, men daa me skulle betale var det plutseleg dobbel pris av kva me hadde sjekka dagen foer, derfor gjekk turen tilbake til universitetet, daa me fekk proeve internett mm. Paa ettermiddagen tok me med Leopold til byen, og gjekk paa restaurant. Han var ein skikkeleg bra mann, som virkeleg satt pris paa aa ha oss som gjester, og som me virkeleg satt pris paa aa faa vaere gjester hos. Me har allereie avtalt aa moetast i Noreg, naar han reiser nordover igjen i mai.

Aa ha lokalkunnskap i ein by som Arusha er enormt verdifullt, og me hadde garantert ikkje hatt samme opplevinga av byen, (eller afrika) hadde det ikkje vert for Leopold.

Onsdagen gjekk i reising igjen, 11 timar brukte me paa bussen, foer me fann eit greit hotell i Dar es Salaam. me hadde haapt aa naa den siste baaten til Zanzibar, men den rakk me ikkje. troette og lei gjekk me tidlig til sengs, daa me maatte opp ved soloppgang neste dag!