lørdag 27. mars 2010

Paa leit etter Iguassu.


Fraa den 3. mars til og med 19.mars var me paa tur ilag med GAP Adventures fraa Buenos Aires til Rio. her kjem eit lite referat :)


dag 1 og 2.
Me nyt rolige dagar i den Argentinske hovudstaden, hotellet er fint og dusjvatnet varmt. Fyrste kvelden vert me introdusert for resten av gruppa, som visar seg aa vaere ein artig gjeng. Isak er litt smaasjuk og held seg heime. Jone gaar paa beromt restaurant med dei andre (et saa mykje du vil. daarlig val)

dag 3.
Reisar me baat til Colonia, ein nydeleg liten by i Uruguay, i god gammaldags kolonistil med brustein og gamle bygningar overalt. Byen vert rekognosert ved hjelp av golfbil og scooter. god dag. det byrjar allereie no aa danne seg alliansar innad i GAPgruppa, forelobig har me fatt god kontakt med 3 danskar (ja, me er svake for danskar), ein walisar, ei aussie, ei brite og ei amerikarinne. fin gjeng. den motstaande alliansen bestaar av ei tysk kruttoenne, ein slibrig italienar og ein tidligare lanslagssprintar fra Sveits med seriemorderblikk. noytrale i gruppa var eit norsk kjeristepar. Jo og Sylvia. kjekke folk :)


Golfbilkjoeyring i Colonia.

dag 4 og 5.
Montevideo staar for tur. den fyrste av mange bussturar vert unnagjort paa 3 timar. Jone proevar seg paa citytour, meir er det ikkje aa sei om det. har du sett ein statue har du sett dei alle. utgong om kvelden, kule barar med god live musikk. neste dag vert brukt til aa slappa godt av.


Anar ikkje kven mannen til hest er, mannen i front er fraa Stord.

dag 6.
ny busstur, 6 timar. til Salto. salto er egentlig ikkje stort meir enn ein naturleg stoppestad paa veg fraa Montevideo til Iguassu. Attraksjonar aa sjaa; Varme kilder. me tok bussen og bada i dei varme kildene. varm var eit understatement. Jone er rimelig sikker paa at ein kunne koke egg i dei varmaste bassenga. fin dag.

dag 7.
reisedag. me kryssar grensa til Argentina foer me tek nattbussen(12timar) fraa Concordia til Puerto Iguassu. lang tur med lite soevn.


Nokon er meir opplagde enn andre etter 12 timar paa buss.

dag 8 og 9.
Me har funne Iguassu. Fossefalla er heilt utrulege. Fyrste dagen vitjar me dei fraa den Argentinske sida, daa tek me baatar nesten heilt inn i fossen. Me gjekk og dei merka loeypene og fekk teke opptil fleire glansbilete. om kvelden er det arrangert fest for reiseselskapet. Renata, vaar guide. kjenner ein fyr som har baade basseng og grill. meget morsom kveld.

dette var faktisk ein av dei mindre fossane!

den andre dagen vitjar me falla fraa den Brasilianske sida. Det er saa vakkert at til og med ein fossevand nordmann kjenner at haara reisar seg litt paa ryggen. nyttar hoeve til aa oppmode absolutt alle til aa reise til Iguassu Falls. Isak er frisk :)

dag 10.
lang, lang reisedag. med 23 effektike reisetimar var dette ei utfordring baade for kropp og sjel. bussen lukta, seta ville bare saa vidt legge seg bakover og toalettet var ikkje akkurat laga for dei over 1.65.

dag 11 og 12.
Endelig kjem me fram til Paraty. nok eit idyllisk paradis langs den brasilianske kysten. fyrste kvelden gjekk med til bursdagsfeiring av ein medpassasjer. Isak var og dansa med danskar, Jone sov soett.

dag to var ein hoeydare. Turledaren overtalte oss til aa reise paa baattur, og for ein flott dag det vart. Me hadde eigen baat med mannskap paa 5. matservering, snorkelutstyr. solsenger og stuping. baaten tok oss rundt om kring til dei skjulte strandperlene kringom Paraty. Sol vart slikka og kroppar vart brent. mageplask utfoert og postkorta sendt. om kvelden fann me ein gitar og ein kortstokk og Isak koste seg ut i dei smaa timar, Jone gjekk og la seg tidlig igjen.

Gammal turnar visar gamle triks

dag 13-15

Ihla Grande (den store Oeya) stod for tur. me koyrde bil i to timar foer me tok baat i like mange. Oeya var baade stor og vakker, med eit lite sentrum og mykje regnskog. dag ein gjekk med til aa finne ei lita strand og ta livet litt med ro. om kvelden gjekk me paa restaurant heile gjengen.
dag to gjekk Jone, danskane og waliseren paa fottur til den beroemte stranda Lopez Mendez.

Lopez Mendez vert rekna som ein av dei finaste strendene i Brasil

der var det store boelger, krittkvit sand og jungelen rett ovenfor. sola glimra med sitt fraavear, men det var absolutt verdt den 3 timer lange turen. me tok baat tilbake. Rikke Emilie, kjaeresten til Jone hadde bursdag denne dagen, saa Jone sprengde budsjettet sitt paa satelittinternett for aa gratulere ho, verdt kvar Reas :) Kvelden gjekk med til latter, vin og sang med nytt grillparty. siste dagen paa Ihla Grande regna det, og daa REGNA det. me, hardbarka vestlendingar, trudde me hadde vert ute ein regnvaersdag foer. det hadde me ikkje. det vart ein rolig dag med innekos.

dag 16 og 17.
Me ankommer Rio de Janeiro.

folg med i neste episode!

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar