lørdag 27. mars 2010

Rio de Janeiro

Utsikta fraa Sukkertoppen

Daa turen var avslutta tok me inn paa eit hostel saman med danskane og Matthew, Waliseren. back 2 basics for oss. etter aa ha vaert ganske bortskjemde i losjivegen var det tilbake til dorms med dobbelseng og eget kjoekken. plassen me budde paa dei fyrste to nettene var i Lapa, som er samba eller festomraadet i Rio.

Fyrste dagen me hadde i byen var me paa ein favelatur. Favela betyr slum. og det er ganske harde kaar for dei som bur slik i Rio. Me var paa besoek i den stoerste favelaen i byen, Rocina. der bur ca. 200 000 mennesker. omvisninga gjekk foere seg med at me fyrst vart koeyrd til toppen med motorsyklar, som var ein opplevelse i seg sjoelv. saa gjekk me gjennom favelaen ned til botnen igjen. Vaar guide, som var eigaren av selskapet som dreiv omvisningane var veldig flink. Regel nr 1; naar me stoppar, staa i sida av gata. grunn: om folk kjem springande fraa politiet noelar dei ikkje med aa skyte dei som staar i vegen for dei. me fekk og vete at 7 personar hadde blitt skutt og drept av politiet veka foer i den samme favelaen me var i.

Rocina - den stoerste favelaen i Rio.

Kriminalitet er eit stort problem i Rio de Janeiro, spes i dei fattige omraada, og der politiet ikkje er saa synlege. Ein kar som budde paa hostelet vaart hadde blitt rana med kniv to gonger samme dagen, ikkje langt unna hostelet. Den eine kvelden kom Isak og to av danskane seg saa vidt unna ein situasjon der to personar fulgte etter dei, og forsokte aa blokkere vegen. Heldigvis oppdaga Isak og Emil kva som holdt paa aa skje, og foer dei var naer nok la dei paa sprang.

Det finst to sider av alle saker. Rio er ein av verdas vakraste byar. paa veka me hadde der fekk me saavidt skrapa overflata, men likevel sett ganske mykje fantastisk.

Rio by night - Copacabana til venstre, ein kan skimte Kristus opplyst i bakgrunnen!

Den fyrste kvelden i Rio var det gatefest i Lapa. det har dei visstnok kvar einaste fredag. Daa var det ein stor folkefest med dansing og synging i gatene. folkelivet, smila og stemninga var overveldande og ein flott opplevelse.

Strendene i Rio, dei verdskjende Copacabana og Ipanema fekk sine obligatoriske besoek, det same gjorde Sukkertoppen og Christ the Redeemer (Jesusstatuen). Been there done that. Baade Sukkertoppen og Kristus gav ei heilt fantastisk utsikt over den massive byen. Spesielt Sukkertoppen, daa me var heldige med vaeret og fekk med oss solnedgangen!


verdas fyrste i vist positur. legendarisk timing daa Jesus vert stillasvaska ein gong kvart 10. aar!


Me vitja og Selaron's Staircase. Den verdskjente trappa som det har teke kunstnaren Selaron over 18 aar aa flislegge. trappa bestaar av 215 trinn med fliser fraa over 50 land. Trappa har blitt brukt i ymse musikkvideoar bl.a. U2, og i filmen The Incredible Hulk. Absolutt verdt ein tur om ein er i Rio!

Selaron's Staircase

Daa danskane og Matt reiste, flytta me til eit nytt hostel i Santa Teresa, som var ein del roligare og ein del tryggare. Daa kjende me begge to at me hadde forflytta oss nesten dagleg den siste maanaden saa me var klare for aa ta det litt piano. Me sov lenge, noeyt sola paa Copacabana og lagde eigen god (og billig) mat!

Litt ute av trening, men resultatet vart utsoekt!

Rio er ein fantastisk by som alle kan nyte, saa lenge ein tar visse forhaandsreglar for losji og nattevandring. Alt i alt hadde me ei fin tid i byen!

1 kommentar:

  1. Å, det ser ut som dåke har hatt/ har det fantatisk!! (til tross for litt skumle område, lange bussturar og skremmande sveitsere ;)
    Veldig kjekt å sjå ka dåke har gjort på!
    Kos dåke masse vidare!

    Jone: Om du har god tid, og du føle tiltrekking til eit postkort på veien, er postkassen i Jonas Lies vei 7, 5053 Bergen svært ensom for tida ;)

    SvarSlett