søndag 7. mars 2010

Cape Town


Tida me hadde i Cape Town gjekk over all forventning. paa bare ei veke fekk me skumma over dei alle viktigaste tinga ein boer gjere her nede. For aa faa eit litt betre bilete av byen tok me, i beste turiststil, citytourbussen. Ein buss med opent tak og oyretelefonar for guide paa ulike spraak. Det var absolutt verdt pengane daa baade turen og den interaktive guiden var veldig interessant. Det hjalp ogsaa aa faa eit litt breiare bilete av byen.



Me reiste ogsaa ut paa Robben Island, ilag med Harald. Det er oeya der Nelson Mandela satt fengsla i 18 aar. paa bilete nede til hoegre kan dykk sjaa cella hans. Til venstre er ein av fange fraa oeya, som no jobber der som guide.























Dagen etter hadde me roadtrip saman med Harald ut til Cape Point, det viste seg at det ikkje var det aller soerligaste punktet i Afrika, men for oss nordmenn var det ganske saa longt soer likevel.















Me blei godt kjende med to norske jenter som me traff paa hotellet. Saman gjekk me tur opp paa det kjende fjellet table mountain. paa denne turen skal det nevnes at me og hadde med oss ein engelskmann som hadde gapa over litt meir enn han kunne svelge daa han takka ja til aa bli med opp. dette foerte til at turen tok nermare 5 timer i staden for 2 og ein halv, og me var paa fleire tidspunkt alvorleg bekymra for at vaar kjaere brite kom til aa gaa i penalhuset!




















Samen med jentene tok Isak seg ein symjetur med kvithaien, medan Jone hadde Rikketime paa internettcafe.

















Den siste dagen i Cape town feira me bursdagen til Isak saman med jentene paa restaurant der me spiste biff, hadde presang overrekking og bursdagssong. Ein veldig koselig og god avslutning paa opphaldet vaart i Cape town. Me vil absolute sei at The mother city innfridde alle forventningar!

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar