onsdag 24. februar 2010

Zanzibar og Cape Town



Etter tilsamman 11 dagar paa Zanzibar, med mykje sol og varme, har turen no gaatt vidare til Cape Town i Soer-Afrika.

Me har hatt det skikkelig avslappande i Paje, me holdt oss til hotellet med AC heile tida, daa me hadde alvorlege problem med aa faa sove i temperaturar over 30 grader. Tida paa Zanzibar har gaatt veldig fort. Naar me ikkje har vert i sola har me slappa godt av. vert paa litt ulike arrangement paa oya; Mustache-Party, Foodmarket i Stone Town og musikkfestivalfest i Jambiani. Me har ogsaa faat veldig god kontakt med ein dansk kar som var i Paje for aa kitesurfe. Me skulle egentlig ta eit kurs, men grunna manglande vind vart det skrinlagt. Den siste natta paa Zanzibar tilbrakte me i Stone Town. Me nytta dagen til sightseeing bl.a. Slavemarknaden, markeda og andre lokale kjentmerker. etter ei veldig lang og veldig varm natt utan AC gjekk turen soer-over igjen.

tirsdag 23. feb gjekk flydde me fraa Dar-es-Salaam via Johannesburg til Cape Town. Det var daa veldig godt for to solbrente vestlendingar aa komme ut av terminalen til ein skikkelig god regnskur. aarets fyrste regnskyll var nemlig under oppsegling. Etter mykje kroppsspraak og gestikulering klarte me aa fortelje drosjesjaafoeren namnet paa hotellet og litt utpaa ettermiddagen sjekka me inn paa Zebra Crossing Logde. Det er eit veldig kosleg billighotell relativt sentralt i Cape Town. med egen hage og koslig restaurant.

Flaks har me hatt her nede allerede, det viste seg nemlig at stording, (og nabo!) Harald Onarheim bur og jobbar i Cape Town, saa me hadde paa forehand avtalt aa moetast. Igaar tok han oss med til Waterfront, det "finare" stroeket i byen paa ein betre middag, barrierar skulle brytast og baade krokodille og sneglar gjekk ned paa hoegkant! Harald gav oss og ei lita innfoering i byhistorien.

Onsdagen har me vert paa eigne bein, me har rusla rundt i the Mother City. Ein kan vel trygt seia at forskjellen mellom Dar og Cape Town er stoerre enn forventa. Dette er ein veldig vakker by med flott arkitektur, infrastruktur anno 2010 og butikkar som tek kort. Prisane er tilsvarande hoegare i forhold til Tanzania, men framleis lev me godt og billig.

Me ser fram til aa tilbringe den neste veka her nede, og har allerede fleire ting paa ynskjelista ;-)

2 kommentarer:

  1. Denne kommentaren har blitt fjernet av forfatteren.

    SvarSlett
  2. Veldig kjekt å lesa fra turen dåkas! Da hørres iallefall ut som dåke har det veldig bra :)
    Gledar meg til å følga dåke på resten av eventyret!

    GOD TUR vidare, og fortsatt lykke til med African time, tru meg; det vert ikkje siste gongen dåke møter på den!

    Klemmar frå Bergen by :)

    SvarSlett