lørdag 13. februar 2010

Universitetsvitjing!














mandagen var ein veldig innholdsrik dag for oss. Leopold hadde invitert oss paa ein omvisning paa universitetet i Arusha, der han sjolv snart avslutter laerarutdanninga si. Han kom aa henta oss i Arusha, saa reiste me opp ved Dala-dala.
Det var ganske spesielt aa reise gjennom bushen, for saa aa komme til eit stort campus, med store flotte bygningar og groenne plenar. Turen gjekk over heile omraadet, og me blei hoegtidleg introdusert for omtrent alle me gjekk forbi. det var faktisk litt rockstar-preg over besoket, daa me bade blei smugfotografert og filma.

Me blei ogsaa introdusert for staben, heilt opp til rektornivaa. Det viste seg nemlig at rektoren og kona hans var eit amerikansk ektepar, han hadde ein doktorgrad og 4 BA, og kona ikkje mykje verre. Me blei tatt godt i mot, og Helen, som kona til rektoen heitte. fortalde oss litt om kva universitetet jobba med for aa betre situasjonen for landsbyane rundt. Water-to-the-people!

kontrastane er tydelege i Afrika. langt inne i gokk ligg det eit univeristet med fiberoptisk breiband, mens nabolandsbyen ikkje har vatn. Universitetet i Arusha, er faktisk 1 av 3 i heile Tanzania som har dette. Det er rart kor mykje ein faar til om ein har ein kvit rektor med paagangsvilje.

Daa omvisningen var ferdig inviterte Leopold oss heim til seg, han budde i ein landsby ti minutt fra universitetet. Der moette me familien hans, fekk sjaa korleis han budde saa fekk me smake ekte afrikansk mat. kokt over eld! me har heile tida vert veldig paapasselege med kva me har spist her nede, i frykt for reisemage. men daa hadde me ikkje lyst aa framstaa som bortskjemte, saa me la prinsippa til side og gafla i oss ukjende groennsaker, drakk ukjende drikkevarer og koste oss skikkeleg. til vaare store begeistring vart me ikkje daarlege i det heile tatt.

om det var Leopold si tvil til oss, eller om han var redd for oss, veit me ikkje. men han ville i alle fall ikkje at me skulle reise tilbake til Arusha aleine. saa han fulgde oss bokstaveleg talt til doera paa hotellet foer han snudde paa helen og brukte ein god time heim igjen.

Neste dag skulle me egentleg paa vandresafari i Arusha National Park, men daa me skulle betale var det plutseleg dobbel pris av kva me hadde sjekka dagen foer, derfor gjekk turen tilbake til universitetet, daa me fekk proeve internett mm. Paa ettermiddagen tok me med Leopold til byen, og gjekk paa restaurant. Han var ein skikkeleg bra mann, som virkeleg satt pris paa aa ha oss som gjester, og som me virkeleg satt pris paa aa faa vaere gjester hos. Me har allereie avtalt aa moetast i Noreg, naar han reiser nordover igjen i mai.

Aa ha lokalkunnskap i ein by som Arusha er enormt verdifullt, og me hadde garantert ikkje hatt samme opplevinga av byen, (eller afrika) hadde det ikkje vert for Leopold.

Onsdagen gjekk i reising igjen, 11 timar brukte me paa bussen, foer me fann eit greit hotell i Dar es Salaam. me hadde haapt aa naa den siste baaten til Zanzibar, men den rakk me ikkje. troette og lei gjekk me tidlig til sengs, daa me maatte opp ved soloppgang neste dag!

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar