søndag 25. april 2010

Panama, Costa Rica og Nicaragua




Etter ei veke i Rio gjekk turen vidare til Panama, nærare bestemt Panama City.

Me gjorde eit raskt overslag over kva som var essensielt å få med seg i Panama; turen gjekk til kanalen. Det var interessant å sjå dei store båtane og læra litt av kanalhistoria, men det heile fekk litt been-there-done-that preg. Me var vel egentlig litt lei storbyen, både Rio og Panama City, og var veldig lystne på å komme oss ut til kysten.


Etter å ha sjekka ut mulighetane for offentleg transport viste det seg at det var lettast å peise på heile vegen til Costa Rica og San Jose. Rutinerte busskjørarar som me har blitt gjekk me inn med ungdommelig pågangsmot og tok på nok ein femtentimar. Hostelet i San Jose var eit av dei bedre me har vert på. Flust med likesinna backpackers og masse gode råd å få.

Etter å ha brukt ein dag i San Jose bestemte me oss for å reise vidare til Jaco (Hako). Det var den næraste strandbyen til SJ.


I Jaco blei me værande ei vekes tid. stranda var fin og hostellet billig. Påsken var også i denne tidsperioden så me fekk egentlig beskjed om at herberga var fulle overalt, og me var ikkje veldig lystne på å sove i stallen. Me vart derimot veldig godt kjende med nokre nordamerikanarar. Adam, frå LA og Romeo frå Canada.


Me brukte dagane på surfing, soling og avslapping. kveldane gjekk forbi på takterrasen til hostellet.



Etter ei lita veke i Jaco tok me ein times båttur over til Montezuma og Santa Teresa. Santa Teresa var ein plass "alle" sa at me burde reise til, og Montezuma hadde nokre flotte fossefall som var vel verdt ei vitjing. Det var nesten som ein sumarsdag heime på Storden då me banka over fjorden i ein åpen skjærgårdsjeep i 30 knop og rom sjø.

Santa Teresa var virkelig flott, me fann eit laidback og billig hostel tre min. frå stranda med masse hengekøyer og ein fantastisk grillrestaurant (argentinsk bbq, et så mykje du vil). Stranda var heilt fantastisk og surfinga herlig.


Nokre dagar seinare bestemte me oss for å ta bussen vidare til Nicaragua. og etter nok ein tolvtimar var me framme i Granada. Det var rart å krysse grensa til Nicaragua, for det var bos og drit overalt rett over grenseovergangen. Og litt kult at det fyrste me skimtar i det fjerne er ein stor vulkan. I Granada sov me bare ei natt før me reiste vidare til Leon for å vitje Anna Myhre. Det var veldig kjekt å sjå eit kjent ansikt igjen.

Jone og Adam nytta også Leon opphaldet til å klatre opp på ein vulkan for å ake ned igjen. morsom tur med god utsikt.


Same kveld reiste me ut på ei øy saman med Anna og Marita for å bu på eit hostel som bokstavelig talt låg på stranda. Me betalte 8 dollar natta og hadde bølgene og sjøen rett utafor døra.


Etter to avslappande dagar på Surfing Turtle Lodge reiste me tilbake til Leon for å førebu turen tilbake til Costa Rica. Me skulle fly ut den 15. så me ville ha ein dag i San Jose før me skulle reise til USA.

Dei tre vekene i Mellom-Amerika gjekk veldig fort og no var me klare til å ta på siste etappen på walkabouten vår!